Norsk English Deutsch

Nordre Ekre Gård, Heidal
   den gode smaken...

ekre.jpg
Online booking Nordre Ekre

Vertskapet, Marit Ekre og Øyvind Johansen, ønskjer velkomen til gardshotell og restaurant på Nordre Ekre Gård.

Garden ligg midt i eventyrbygda Heidal og byr på servering av fyrste klasse og høgstandard overnatting i gamle, restaurerte tømmerhus. Det er 8 hus på garden med tilsaman 29 senger. Her kan du sove i ei romantisk himmelseng ved klebersteinspeisen i det gamle kårhuset, eller tilbringe natta på stabbursloftet.

I gardsbiblioteket kan du slappe av med ei god bok og ein nytrekt espresso. Vi har også møtelokale med moderne fasilitetar.

På stabburet er det ein triveleg cafe & gardsbutikk med heimelaga matprodukt; syltetøy, oljer, eddik og heimebakst. For dei som er svoltne eller berre kaffetørste byr vi på god kaffe og biteti, og enkel lunsj. Open i sesongen.

Vi er stolte av kjøkenet vårt, og i gardsrestauranten finn du løyndomen til at så mange av gjestene kjem att til Ekre.

Vi tek i mot selskap heile året, og sommarstid serverer vi både overnattingsgjester og andre dagens 3- eller 4 rettars meny.

Vågå Gardshotell - Nordre Ekre
Vågå Gardshotell - Nordre Ekre   Vågå Gardshotell - Nordre Ekre Vågå Gardshotell - Nordre Ekre 
Vågå Gardshotell - Nordre Ekre Vågå Gardshotell - Nordre Ekre gronneliten.gif
badliten.gif

Booking: 61 23 41 13 - 478 20 511
post@nordre-ekre.no

Meir informasjon om Nordre Ekre Gård på
http://www.nordre-ekre.no/

Båsene

basene.gif

Det grønne rommet

det-gronne2.gif

Det rosa rommet

det-rosa.jpg

Det gule rommet

det_gule.jpg

Stabbursloftet

stabbursloftet.jpg

Setra på fjellet

seter1.jpg

Setra ligger ca. 30 minutters kjøring fra gården i Heidal,
og utleieselet har 6 sengeplasser. Det ikke innlagt strøm,
men det er propankjøleskap og gassbluss til å koke på.
Utedo. Flott turterreng med muligheter for jakt og fiske.
Utleie på ukesbasis, kun selvhuhold.
GPS: N 61.6269  Ø 9.2953

Fjøsleiligheten

fjosleiligheten.jpg

Aurbua

aurbua.jpg